Ny bok i Norskbokklubben: Temainnganger i praksis. Norsk for yrkesfag

Anita Melvold og Vibeke Sæther: Temainnganger i praksis. Norsk for yrkesfag . Trinnvis beskrivelse av metoder og vurdering.

Ei ressursbok for lærarar i norsk på yrkesfag er ikkje ei kvardagsleg utgjeving. Denne boka kan verte ein juvel i bokhylla – eller rettare, på arbeidspulten – lett tilgjengeleg. Ein kvardagsjuvel. Mange norsklærarar vil nok kjenne att tittelen. Vibeke Sæther og Anita Melvold har allereie skrive to bøker om temainngonger til norskfaget. Den første gjev ei generell innføring i undervisningsmetoden. I vår kom oppfølgjaren for studieførebuande, full av praktiske tips for temabasert norskundervisning, og her kjem boka for lærarar som underviser i norsk på yrkesfag.

Forfattarane veit kor skoen trykker. Tida med elevane er knapp, klassane er mange og norsk er kanskje ikkje elevane sitt favorittfag. Då trengst det ein god plan. Dei konkrete undervisnings- og vurderingsplanane for året, heilt ned på time- og oppgåvenivå, gjev læraren god støtte til å nytte tida på beste måte. Læringsaktivitetane har god variasjon, og opplegga inneheld mange tips til hjelpemiddel som kan støtte elevane sine læringsprosessar. Den breie og temabaserte tilnærminga til fagstoffet kan nok gjere at elevane blir meir glade i norskfaget.

Ein annan grunn til flittig bruk av boka er alle tipsa til undervising for elevar med kort butid eller med andre tilpassingsbehov. Temainnganger i praksis – norsk for yrkesfag er boka som kjem til å bli mest slitt og som samstundes funklar sterkast på arbeidspulten!

For LNUs bokredaksjon

Irene Brendehaug

Avbestillingsfrist: 10. september

Sendes ut: ca. 17. september





Print Friendly and PDF

Arrangement på Litteraturhuset (Wergeland) i Oslo 17. oktober: Kunstig skriveundervisning?

Norsklæraren 2-24

Norsklæraren 2-24